Ørsta kulturskule
  • Heim
  • Tilbod
    • Babysong
    • Instrument >
      • Piano/keyboard
      • Strykeinstrument
      • Gitar/bass
      • Slagverk
      • Messingblås
      • Treblås
      • Song
      • Bandoneon
    • Drama/teater
    • Kulturkarusell
    • Visuell kunst
    • Skapande skriving
  • Om skulen
    • Reglar
    • Instrumentlån
    • Øving
    • Kontakt med heimen
  • Aktivitetsarkiv
    • 2014/2015
    • 2015/2016
    • 2016/2017
  • Aktivitetskalender
  • Kontakt
  • Søk

Babysong

Ørsta kulturskule inviterer til babysong måndagar klokka 12.00:

Ein lærer t.d. fingerleikar, tåregler, rørslesongar, dans og voggesongar. Språket tek form og den første songen vert framført på eiga hand. Stor stas er det også å få syne fram kunstane sine i gruppa eller heime. Sjå kva eg kan!

Ørsta kulturskule har arrangert babysong sidan 2001. Etter ei lita pause er no tilbodet tilbake ved skulen. 

Til alle tider har småborn hatt mor og far si stemme som si første musikalske oppleving. Song og musikkleikar har alltid vore eit sjølvsagt og viktig språk mellom born og vaksne. I vår tid og kultur ser ein ofte at dette vert erstatta med ”hermetikk” - radio/tv/cd m.m. Born veks opp med bakgrunnsmusikk. Cd-spelaren står på under leik, stell, når ein skal sovne om kvelden – og når ein vaknar. Babysonggruppene vil vere ei motvekt mot dette, ved å styrkje det musiske språket mellom born og vaksne.

Den perfekte lyden som strøymer ut frå dei nemnde ”hermetikkboksane” kan gi kvar og ein av oss kompleks når det gjeld eiga stemme, men hugs: Det er di stemme barnet vil høyre. Det er den som skaper kontakt, tryggleik og trivsel.

Det vert sagt at musikk er forløparen til språket. Lyd, rytme, song, musikk, og rørsle er viktig for seinare tale, lesing, skriving og kommunikasjon med andre.

Her vert gamle og nye songar friska opp eller lært. Like eins ”gløymde kunster” som fingerleikar, tåregler, voggesongar m.m. Dei små er med, spreller med beina, vinkar og ler. Ein nyttar fellesspråket mellom små og store, mellom alle menneskje - det musikalske språket.

Stad: Kaihuset. Kurshaldar: musikkterapeut Brita Helen Høydal.

Pris: kr. 800,- pr. semester (10 gongar)

Picture
Proudly powered by Weebly