Ørsta kulturskule held til i 3. etasje i Kaihuset i Strandgata.
Elevane i kulturskulen kan velje mellom opplæring i:
Ørsta kulturskule har sidan starten i 1972 gitt eit breitt opplæringstilbod i musikk. Skulen starta i 1972 som Ørsta/Volda interkommunale musikkskule. Frå 1978 vart det to sjølvstendige skular. Kulturskulen er ein av grunnmurane for kulturlivet i kommunen, og er med i fleire samarbeidsprosjekt med skular, kor, korps m.fl. Mellom anna formidlar kulturskulen dirigenttenester til kor og korps. Hovudtyngda av aktiviteten i kulturskulen er individuell song- og instrumentalopplæring. Tangent-, korps- og orkesterinstrument, saman med band, slagverk og song, gir eit mangfald av tilbod. Samspel på tvers av stilarter og tradisjonar kjem særleg til syne på konsertane våre. I tillegg til musikkfaga, gir kulturskulen tilbod i teater/drama. Gruppene har årlege teaterframsyningar. Vi har også tre grupper med visuell kunst. Kulturskulen har musikkterapeutisk tilbod for born med funksjonshemmingar. I samarbeid med Volda kulturskule driv vi aldersbestemte orkester. Gjennom heile året vert det arrangert små og store konsertar og framsyningar i regi av kulturskulen, i tillegg til deltaking på arrangement i regi av andre. |
Lærarar ved Ørsta kulturskule skuleåret 2015/2016
Brynhild Barstad - rektor, underviser i fløyte, klarinett og piano Gard Eirik Austrheim- underviser i gitar Janine Berg - underviser i piano Hans Robert Bondhus - underviser i gitar, bass og slagverk Øystein Dahle Egset - underviser i slagverk og gitar Brynhild Hovden - underviser i klarinett, saksofon, song og drama Trude Rabben - underviser i cello Øyvind Aspenes Robak - underviser i fiolin og bandoneón Inna Svendsen-Selyanina - underviser i fiolin og piano Ann-Helen Sørhaug - underviser i messinginstrument |